Mari Midtli og Astrid Sulheim, to av dei fremste folkemusikarane i landet og tradisjonsberarar for den tradisjonelle vokalmusikken og slåttemusikken i Nord-Gudbrandsdalen, er aktuelle med ei felles soloplate med songar og slåttar knytt til kvinner.

 

Tradisjonelt var det menn som dreiv med slåttespel, derav omgrepet «spelmann». Samstundes er det mange av dei tradisjonelle slåttane som har kvinnenamn. Den vokale folkemusikken har i større grad

vore utøvd av kvinner. I denne konserten får du gjennom song og spel møte ulike kvinneskikkelsar. Somme er unge, somme er gamle, somme er «kvæke» og andre er mest triste. Velkomen til ei triveleg stund med kvinna i høgsetet - på sjølvaste 8.mars!

 

Mari Midtli – vokal
Astrid Sulheim – fele

Kvinnedagsfeiringa held fram på hovudscena med forestillinga Draum! Les mer