Festivalen er leia av folkemusikkstudentar frå Norges musikkhøgskole, og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikk-interesserte. Festivalen foregår over to dagar med kveldsarrangement på Riksscenen og småaktivitetar andre stadar i byen på dagtid. Med låg snittalder på scena og ein høg andel studentar, er du som publikummer garantert å oppdage ny og spennande musikk. Samstundes vil nokre veletablerte artistar også entre scena. Det blir konsertar, jam, dans og fest — så hald av kveldane, og finn fram danseskoa og instrument!