Gjennom konsertforestillinga Fykerud'n får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om ein av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.
Lars Fykerud vart diverre berre 42 år gamal før han gjekk bort, men han greidde likevel å setje djupe spor i spelemannssoga her i landet, så vel møtt til eit musikalsk møte med ein av meir segnomsuste meistarane på nasjonalinstrumentet vårt.
FYKERUD'N
Lars Fykerud (1860 - 1902) vart fødd og vaks opp i Sauherad, Telemark. Han var opplært på hardingfele av far sin, Hans Fykerud, som òg var ein omtykt spelemann i si tid, men Lars utvikla spelet sitt vidare og vart ein av dei meir stilskapande spelemennene me har hatt. Lars Fykerud var ein av dei fyrste til å forstå verdien av konsertframføringar på hardingfele så lyriske konsertstykkje vart ein naturleg del av komponeringa, noko han drog både åtgaum og dollar for når han turnerte i Amerika seint 1800-tal.
Per Anders Buen Garnås - hardingfele