Hver sesong setter Riksscenen følgespoten på en viktig og toneangivende artist. Vår intensjon er å la dem vise seg fram fra nye og uventede sider, men også gjerne ta opp igjen prosjekter som flere burde ha fått med seg.
Det er duka for tre konsertar på tre dagar når storspelemannen Per Anders Buen Garnås kjem på bytur i mai. Trilogien av konsertar skal ta for seg dei tre store i Telemark på 1800-talet; Myllarguten, Fykeruden og Gibøen ein etter ein der me vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gjennom Per Anders sine ord og tonar.
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.
Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Riksscenen desse dagane. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabalaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre konsertane «Myllaren», «Gibøen» og «Fykerud´n» får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.