Arven etter Agnes - ein hyllest!

Det er ein enorm mengde kvedarar og musikarar som har henta lærdom og inspirasjon, eller på anna vis nytta godt av Agnes sitt virke og kunstnarliv. Det vera seg på kurs og samlingar, gjennom opptak eller på vitjing heime hjå Agnes og mannen Per i Breskelia. Som sentral i miljøet rundt Club 7 på 70-talet, var det ho som fekk fleire av dei fremste folkemusikarane inn i varmen der.

Agnes rakk å gjeva ut eller medverke på 18 plater før ho gjekk bort, der Draumkvedet frå 1984, som hausta Spellemannprisen, og Rosensfole (1989) med Jan Garbarek er blant dei mange høgdepunkta. Ho vann landskappleiken i kveding seks gonger, og mottok det som finst av prisar og utmerkingar for folkemusikarar, m.a. Kongens fortenestemedalje, Norsk Kulturråds Ærespris, Lindemanprisen, RFF-prisen, Sagprisen og Osaprisen. 

Me har i dette høvet samla representantar for familien samt eit utval av profilerte utøvarar av vokal folkemusikk som på ein eller annan måte har knytning til Agnes og musikken hennar. Det vil bli hardingfelespel, og sjølvsagt mykje kveding - både solistisk og saman med eit kompetent band under leiing av bøheringen Audun Rørmark.  

Vel møtt til ein kveld der me skal hylle, og minnast, Agnes Buen Garnås.

Konserten er ein del av vokalhelga Kvedarkraft!
Denne helga samlar vi heile breidda av folkesongmiljøet – frå unge kvedartalent til legendariske utøvarar – til konsertar, songtreff og hyllestkonsert for Agnes Buen Garnås. Frå solistiske fyrispel til fleirstemt kvedarkor og opne songkveldar, og lansering av talentsatsinga Folk Sessions Vokal – Kvedarkraft løftar fram både arva og framtida til den vokale folkemusikken.

 

Ingvill Marit Buen Garnås - vokal
Magnhild Garnås Haugen - vokal
Per Anders Buen Garnås - hardingfele
Knut Buen - hardingfele
Kirsten Bråten Berg - vokal
Arve Moen Bergset - vokal
Kim Rysstad - vokal
Berit Opheim - vokal
Marit Karlberg - vokal
Audun Rørmark - bandleiar

foto: Knut Buen