Denne helga kjem dei fleste som dansar eller har dansa halling til hovudstaden. Midt i seminarar og bokskriving skal vi lure dei sprekaste ut på plassen foran Riksscenen til kappestrid.

 Godkartevling er ein konkurranse i godkarstykkje, dvs den akrobatiske delen av hallingdansen. Publikum kan bivåne fleire ymse øvelsar innan spenst, kraft og estetikk som dagens programleiar og eineveldige dommar, Martin Myhr, har sett saman. Martin er «the grand old man» innan halling/lausdans her til lands, med ein ukjend mengde kappleikssigrar og utmerkingar, noko som bør gjera han skikka til oppgåva.

 Om véret er for dårleg flyttar vi servering og show innandørs.