«Draum» er ei ny, dramatisk sceneframsyning basert på diktsyklusen med same namn av Sigurd Nes (1846–1915) om dei tre gygrene Tårån i Tråppin, Glima og Ljose-Signe som heldt til i fjella rundt Flatdal i ei førkristen tid. Ei gyger er ein kvinneleg jotne, det vil seia trollkjerring. Inspirert av diktet komponerte Torkjell Haugerud (1876–1954) tre lydarslåttar for hardingfele med same namn. Dei tre gygrene kjem nå til nytt liv gjennom skodespelarane Hæge Manheim, Ingebjørg Buen og kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt, medan Anne Svånaug Blengsdalen, Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue står for musikken. 

Dei fyrste strofene i diktet er ein prolog som skildrar den gode tida då gygrene vakta dalen og trilla, kvad og leika. Dette fekk ein brå slutt då Olav Digre (Olav den heilage) kom på kristningsferd. Til Seljord kom han og fekk bygd ei kyrkje. Så mana han mannen til Tårån, Steingrim, til stein, og dei tre gygrene til ein lang svevn. Etter 800 år vaknar gygrene etter kvart. Med undring ser dei på alle endringane i verda si.

Diktet skildrar striden mellom gamal og ny tid. Dei tre gygrene reagerar ulikt; Tårån likar ikkje den nye tida og kjenner at verda hennar er invadert, Glima resignerar, medan Ljose-Signe er open for det nye. «Draum» er ei historie med tidlaus tematikk og heftig dramatikk – det handlar om religion og verdiar, som óg i vår tid er årsak til mange konfliktar. 

Dei tre lydarslåttane av Torkjell Haugerud er utgangspunktet for musikken i sceneframsyninga «Draum». Slåttane ermusikalske karakterstykkje for kvar av dei tre gygrene – som alter ego. I framsyninga blir tema frå slåttane nytta som leiemotiv og illustrasjonar for å underbyggje handlinga, og framførde i sin heilskap solo og i arrangement med fleire instrument – 3 hardingfeler, lyre, hardanger d’amore og vokalt.

Diktet Draum av Sigurd Nes vart utgjeven i samlinga Kvæe i 1878. I juni 2021 fekk diktet ny aktualitet med nyutgjevinga på Tårån Forlag DA, med tekstbearbeiding av Høye Rue og rikt illustrert av Olav H. Skjeldal. Lanseringa på Nutheim i august same år ga inspirasjon til sceneframsyninga og premiera fann stad på Telemarkfestivalen i august 2022.


OBS: Før framsyninga startar kvinnedagsfeiringa på klubbscena med Astrid Sulheim og Mari Midtli sin konsert klokka 18.30! Les mer