Velkommen til hallingkurs for unge dansarar frå 8-15 år med den sprekaste nestoren, Martin Myhr som lærar. Alle som er glad i å danse er velkomne, og dei som har dansa mykje halling før får ekstra utfordringar.
Alle deltakarar inviterast til å vera med på forestillinga Hallingdansorama seinare på kvelden.. Det blir ein hallingdans-forestilling med 40-50 hallingdansarar i alle aldrar frå dei yngste til dei eldste, under leiing av Maestro Vetle Springgard. Dette blir ein kveld for minneboka!