På ein heilt vanleg torsdag kjem to av dei aller fremste talenta me har i folkemusikken og spelar og fortel oss om sine tradisjonar og virke som musikarar. Dei to spelar ei økt til dans etter konserten, så ta med dansesko.
Syver Rolandsgard Hauge (f. 2006) kjem frå Vestre Slidre i Valdres og har allereie spelt hardingfele i 13 år. Med fleire topplasseringar på kappleik har han vorte ein av dei mest ettertrakta unge felespelarane i landet. Det er særleg tradisjon frå Ringestad i Vestre Slidre, etter spelemennene Andris A. Dahle og Harald Fylken, som står sterkt hjå Syver. Denne tradisjonen nyttar han fullt ut samtidig som det får kasta eit nytt lys over seg. I tillegg har Syver gått i lære hjå Jan Beitohaugen Granli, Sivert Holmen og Magne Olav Selland.
Andrea Søgnen (f.2001) er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. Hennar store interesse for overføring av låttar fra hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. Ho er den fyrste med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovudinstrument, ein grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023. I 2025 har Andrea statens kunstnarstipend.
Syver Rolandsgard - hardingfele
Andrea Søgnen - langeleik