Voss Spelemannslag feirar 75 år i år, og i det høvet vil dei ta med dykk alle på ei musikalsk reise i laget si historie på Riksscenen. Laget vil under konserten heidra store spelemenn som opp gjennom åra har vore sentrale i laget og i norsk folkemusikk, og framføra litt av den musikalske slåtteskatten som Ola Mosafinn, Sjur Helgeland, Lars Skjervheim med fleire etterlot seg. Ein vil få høve til å høyra både lydarslåttar, og slåttar som byr opp til bygdedansar som vossaspringar og vossarudl. Vossebygda har hatt mange flinke dansarar oppå igjennom tidene som har teke vare på dansetradisjonane. I nyare tid har også songen vorte ein kjær del av spelemannslaget, og songskattane etter m.a. Olav Fletre og Margreta Opheim har vorte lært vidare til hundrevis av born. Voss spelemannslag vil fortelja laget si 75-årige historie samstundes presentera kva laget står for i dag, med topputøvarar innan både spel, song og dans på scena.  Etter konserten vert det dans langt utover natta med både bygdedans og gammaldans frå scenene til Riksscenen.