Folkekunstnaren Knut Buen og det unge talentfulle syskenparet Vilde og Even Westeng, held konsert til inspirasjon, interesse og kollektiv livsglede over bygdenorske dans og musikktradisjonar. Det er også plass til nyskaping på grunnlag av desse tradisjonane i programmet, alt visuelt framført til kulissar av høvelege ljosbilete med relasjonar til det framførte. 

Opplegget er eit direkte døme på den munnlege overlevering og utøving mellom generasjonar, der folkemusikk og folkedans møter segner, soger og eventyr. Med utgangspunkt i den gjensidige glede dei unge og den eldre har av kvarandre sine prestasjonar og kunne, vil programmet bli framført med liv og lyst.

Knut Buen- hardingfele
Vilde Westeng - hardingfele, dans
Even Westeng - hardingfele, munnharpe, dans