Plateslepp med eit heilt nytt og spanande samarbeidsprosjekt! Kammerfolktrioen Slagr og folkesongaren Camilla Granlien set kvarandre i stevne når dei tek Geirr Tveitts songar og visetonar “heim” til folkemusikken att. Ensemblet er ute på slippturné med plata Tveitt Songs. Vi skal ikkje sova burt sumarnatta blir sjølvsagt å høyre, men musikarane gler seg vel så mykje til å presentere dei meir ukjente, små perlane hans til tekster av Aslaug Vaa, Aslaug Laastad Lygre, Olav H. Hauge og Alf Prøysen. Når Granlien, fleireårig kappleikvinnar og kjent frå m.a. sitt eige Camilla Granlien band, gjer songane eit anslag av folketonar og Slagr sett sitt karakteristiske preg på musikken, med lange linjer og vare anslag, blir det fort ei nærast hypnotisk atmosfære.

Camilla Granlien, vokal
Erik Sollid, hardingfele
Sigrun Eng, cello
Amund Sjølie Sveen, vibrafon