To legendar, to tradisjonar og ein flora av slåttar og historiar. Hardingfelespelarane Knut Buen frå Tinn i Telemark og Leif Rygg frå Voss er båe levande legendar i den norske folkemusikken med lang fartstid som formidlarar av kvar sin tradisjon. Dei er for yngre utøvarar sterke førebilete og eit bindeledd mellom generasjonar. Dei er uredde, upolerte, kunnskapsrike og ekte. Her møtast dei til eit sjeldant møte med slåttar og historiar av fyrste klasse, trygt leia av mannen med både kunnskap om folkemusikk og den behageleg stemma, Ola Bøe.

Knut Buen - hardingfele
Leif Rygg - hardingfele