Det blir Jølstraspel for alle penga da vi inviterer ikkje 2, men 4 utøvarar til denne månadens Tett På. Toppspelemennene Eikås, Bjørset, Svidal og Apneseth gjekk for fyrste gong saman i eit musikalsk prosjekt og plateutgjeving i fjor, der dei presenterte sine personlege tolkingar av slåttar frå Jølster anno 2012. Slåttane har vore med dei sidan dei byrja å spele, og dei har kvar for seg sett sitt eige preg på dei- endra, utvikla og modna. Repertoaret femnar om den særeigne «jølstringen», samt halling, rull og brureslåttar frå den vakre kommunen ved Jølstravatnet. Med ulike ideal nærmar dei seg musikken på kvar sin måte der dei sterke personlegdomane er med på å farge den store variasjonsrikdomen som dei tradisjonelle slåttane byr på.

Sigmund Eikås - hardingfele
Synnøve Bjørseth - hardingfele
Gro Marie Svidal - hardingfele
Erlend Apneseth - hardingfele