02

Anders Røine og Daniel Sandèn Warg

Månedens artist Anders Røine tek med seg multiinstrumentalist og svorsksetesdølen Daniel Sandén Warg og inviterer til solokonsert! Det er to unge, men etablerte utøvarar som møtes for å utveksle slåtter og historier. Begge har eit usedvaleg engasjement for musikken og for musikarane og hendingane bak. Daniel kjem frå Värmland i Sverige der han spelte el- gitar, men flytte til Setesdal etter å ha høyrt hardingfele og gangarspelet. Han er no ein av Setesdals framste tradisjonsbærarar, i tillegg til at han har studert indisk felespel, og speler med m.a Odd Nordstoga. Anders har slåttespelet frå Valdres i ryggen, og er m.a ein framifrå utøvar på langeleik og munnharpe, instrument som Anders utnytter i fulle drag.
03