I 2018 kom samlinga Slåttar frå Granvin der Knut Hamre spelte inn nærmare hundre slåttar. No kjem oppfølgjaren med Slåttar frå Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Utøvarar er Annlaug Børsheim, Benedicte Maurseth, Knut Hamre og Lajla Storli. Mange av slåttane på denne utgjevingar er gamle, kjende og mykje brukte, men utøvarane har òg henta fram fleire ukjende slåttar frå nedstøva arkiv og gamle opptak.

Hardanger er ein av dei rikaste tradisjonsområda innan folkemusikk. Frå dei første spelarane me høyrer om på 1600-talet og fram til i dag, har hardingfela og slåttane vore ein naturleg del av kvardangsliv, fest og høgtider. Med auka kontakt mellom folk, har også slåtterepertoaret auka, og spelarane har vore mange, slik at folkemusikarar i dag har ein stor arv av ulike slåttar og soger å ausa av.

Konserten byr på eit utvalg av slåttar frå denne utgjevinga og forteljingar med Hardangermusikken  i sentrum. Solo hardingfele med Knut Hamre, Annlaug Børsheim, Benedicte Maurset og Lajla Storli.

Knut Hamre (1953)

Hardingfelespelar frå Granvin som har arbeidd som pedagog, fylkesmusikar, frilans musikar i inn- og utland og er ein av våre fremste felespelarar her til lands. Knut er ein nestor for hardingfelemusikken i Hardanger og har vore den naturlege læremeisteren for dei fleste frå Hardanger i mange år.


Lajla Renate Buer Storli (1979)

Hardingfelespelar og songar frå Ullensvang. Ho har gått i lære hjå Knut Hamre i spel sidan ho byrja spele fele i 10-årsalderen, mens folkesongrepertoaret har ho henta frå fleire kjelder frå Voss og Hardanger. Lajla er utadanna folkemusiker frå Universitetet i Sør-Øst Norge avd Rauland, og ho har er ein mykje bruka pedagog i ulike samanhengar i folkemusikkmiljøet.

 

 

Annlaug Børsheim (1982)     

Hardingfelespelar, songar og gitarist frå Ulvik. Annlaug arbeider som frilans musikar, scenekunstnar og komponist innan eit breitt spekter av sjangrar, men er utadanna folkemusiker frå Ole Bull Akademiet på Voss og Universitetet i Sør-Øst Norge avd Rauland. Ho har gjennom åra gjeve ut fleire plater, både solo og saman med andre.

 

Benedicte Maurseth (1983)                                                                                           

Hardingfelespelar, komponist og skribent frå Eidfjord, er ein etablert og anerkjend utøvar innan norsk folkemusikk. Maurseth har gått i lære hjå meisterspelemannen Knut Hamre i nærare tretti år, og har utdanning frå Ole Bull Akademiet. Maurseth har turnert i omfattande grad både i Norge og internasjonalt, og har arbeidd tett med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar som Nils Økland, Merilyn Crispell, Rolf Lislevand, Jon Fosse, Svein Tindberg, Hildegun Riise og Anne Marit Jacobsen.