Riksscenen nyproduksjon
02
torsdag
21
feb. 2019
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 190/130

RYDVALL/MJELVA

«Nordens ljud. Här är det.» –  Mikael Strömberg, Aftonbladet, SE

 

Med sitt tredje album, “Vårvindar friska”, rett frå trykken kjem duoen Rydvall/Mjelva attende til Riksscenen på lanseringsturné. Dei to fyrste platene har vekt stor åtgaum i både inn- og utland, og hausta prisar og nominasjonar i bøtter og spann, så det er særs høge forventningar til utgjevinga.

Den svenske nykkelharpespelaren Erik Rydvall og felespelar Olav Luksengård Mjelva er av dei fremste folkemusikarane i Norden frå sin generasjon, og har sidan debutplata deira “Isbrytaren” frå 2013 vore trendskapande for ny nordisk folkemusikk. Båe to er nyfikne musikarar med godt feste i den tradisjonelle musikken frå sine respektive område, og sjølv om samspel fele og nykkelharpe ikkje er av dei mest nytta kombinasjonane får duoen det til å låte naturleg og spanande.

Erik Rydvall kjem frå Västerbotten i Sverige, og har studert nykkelharpespel ved Eric Sahlströms Institutet i Tobo og Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har i dei seiste åra vorte framheva som ein av de fremste utøvarane på instrumentet, og er kjend for sin energi og virituositet. Erik spelar m.a. med den prisvinnande  folkmusikktrioen Nordic.

Olav Luksengård Mjelva frå Røros er ein av Noregs mest aktive felespelarar på både hardingfele og vanleg fele. Han er et grunnleggjande medlem i både norsk-svenske SVER og The Nordic Fiddlers Bloc. I tillegg speler han med Unni Boksasp Ensemble, Frikar, Copper City Ramblers og flere andre prosjekt. I 2010 fekk Olav Spelemannprisen for sin første soloplate, vart Årets Folkemusiker i Noreg 2013 og har ein mengd andre prisar, nominasjonar og utmerkingar.

Olav Mjelva – hardingfele
Erik Rydvall – nyckelharpa

 

#4393368