Rakkarpakk lanserer sitt fyrste album, KVADBAD, på Melovitten plåteselskap og avsluttar slippturneen på Riksscena 22. februar med song og sprell!

Rakkarpakk møter folk i det nære, varme og leikande med folkesong og forteljing. Dei skapar eit rom der folk får møte tradisjonen i det mellommenneskelege. Det er ikkje det konkretmusikalske som utgjer Rakkarpakk, men summen av opplevinga. Dei badar, syng, skrattar, sveitter og fortel med sitt publikum.  

KVADBAD vart spela inn på Oslo Badstuforening i august og er produktet av konsertserien med same namn. Konsertserien fann stad hausten 2022 og våren 2023, kvar alle konsertane vart utselde. Her vart folkesong og forteljing tett fletta saman med badstovenyting og bad. Musikalsk baserer gruppa seg på den norske vokalmusikken og klér den i ny, trestemt drakt. Med bakgrunn i både improvisert musikk, tidlegmusikk og ensemblesang, er arrangementa prega av ulike stiluttrykk og eit sterkt formidlingsfokus - alltid med leik i høgsetet.

Martin Steinum Brun - vokal
Victoria Oftestad - vokal
Vera Sonne - vokal