Ottar Kåsa (f.1983) frå Arabygdi i Vinje, er direkte etterkomar av Myllarguten og vart sjølvsagt spelemann og felemakar. Han har gjort bøhering av seg, gode hardingfelemakarar har ein tendens til å bu i det området, der han bygd seg felemakarverkstad. Ottar vann landskappleiken på hardingfele i 2011, 2012, 2015 og 2016 og mottok gullmedalje for felemakarkunsten sin i 2018. Det sjølvtitulerte debutalbumet hans frå 2012 mottok både folkelarmprisen og spellemannprisen det året, og album nummer to «Kjoskrullen» vann folkelarmprisen i 2016. I tillegg til virket som felemakar og solospelemann er han også aktiv i den meir rocka folkemusikktrioen «Resjemheia».
Jan Beitohaugen Granli (f.1979) frå Øystre Slidre er landets fremste formidlar av felespel frå Valdres og er av mange reikna som landets beste dansespelemann! Av og til dukkar det opp spelemenn som får dansegolv til å koke uansett tid på døgeret, og som i tillegg er høgt akta som konsertspelemann. Jan Beitohaugen Granli er ein slik spelemann der han kombinerer fullt trykk, god takt og intens groove med eminent musikalitet og folkemusikkforståing. Jan har vunne landskappleiken seks gonger i tidsrommet 2002 til 2017, er fem gonger vinnar av Fanitulltevlinga på Ål og mottakar av Øyvind Bergs Minnepris. Jan har gjeve ut to kritikerroste album, «Lite Nemmar» i 2003 og «På Beitohaugen» i 2010.
Ottar Kåsa – hardingfele
Jan Beitohaugen Granli – hardingfele