Norr om Stockholm er tre tradisjonsberarar frå tre fylke i Sverige som har spelt saman lenge no. Vinteren 2016 gav ”Norr om Stockholm” ut si første plate Efter.
Trioen spelar tradisjonelle slåttar frå ulike stader i Sverige med ein ting felles – slåttane er etter kvinner.
Arrangementa på slåttane har utøvarane laga ved å ha spelt i lag i mange timar og sett kva som kjem ut på andre sida. Trioen er oppteken av små detaljar som trillar, forslag og strøk, alt må høyrast ut slik som det høyrest ut inni hovudet. Med eit tett samspel, dansande driv og kjærleik for det tradisjonelle kjem no Norr om Stockholm endeleg til Oslo! Med sterkt og trygt melodispel, fyndig svensk stemmespel og ”rullstråkskomp” som gjev danselyst, byr Norr om Stockholm inn til konsert.  

 

“Med ett svängigt och nära spel, stor glädje och ett uns ilska gör Norr om Stockholm musiksverige lite bättre.”

Stina Brandin – fele
Magdalena Eriksson – fele
Alva Granström – fele