Feleduoen Nathan Gourley og Laura Feddersen kjem frå Boston i Massachusetts, men dei representerer likevel felespel i djup irsk tradisjon, men sjølvsagt med ein viss fargelegging frå dei amerikanske røtene deira. Dei turnerer rundt i USA, men spelar også mykje i Irland! 
Duoen gav nyleg ut plata “Brightly or Darkly”, ein etterlengta oppfylgjar til “Life is All Checkered” frå 2014 som dei gav ut saman med Brian Miller.

Med seg har dei Norse Gaels Folk Fest sin mest trufaste musiker, John McCartin, som er her for tredje gong. Fyrste året kom han som akkompagnement for KGB (Keenan, Gavin, Byrne), i fjor hadde han med seg sin eigen trio Carlos/Sweeney/MCCartin, og i år altså som gitarist for to amerikanske felespelarar.

 

Nathan Gourley - fele
Laura Feddersen - fele 
John McCartin - gitar