Våren 2021 sette folkemusikarane Margit Myhr og Erlend Apneseth fokus på den solistiske utøvartradisjonen for kveding og hardingfele, og gav ut plata “Slåttesong”. 

 Erlend Apneseth (hardingfele) og Margit Myhr (vokal) er begge prislønte A-klasse-utøvarar, med ei solid forankring i tradisjonsmusikken. Apneseth er ein musikar som stadig kryssar grenser og sjangre, noko som har gjort han ettertrakta i fleire ulike musikalske miljø og samarbeid. Myhr arbeider som skodespelar, dansar og songar, og er ein av våre fremste formidlarar av scenisk folkekunst. Dette er to utøvarar som stadig søker nye uttrykk, men med denne utgjevinga vender dei tilbake til det tradisjonelle soloformatet med eit utval av personlege favorittar. 

 Det vokale repertoaret på plata er henta frå boka «Folkesong i Hallingdal» (Gunnlaug Lien Myhr, 2015). Den inneheld alt av innsamla vokalmateriale frå regionen, henta frå notasjonar og ulike arkiv, og mange av desse har ikkje vore lydfesta på ei plateutgjeving før. Apneseth har bakgrunn i tradisjonen frå Sunnfjord og Sogn, men har dei siste åra fordjupa seg i speltradisjonen frå Hallingdal, der han bur, og hardingfelerepertoaret på plata består såleis av slåttar frå både Hallingdal og Vestlandet, i tillegg til eigenkomponerte slåttar.

 

 

 Margit Myhr – kveding
Erlend Apneseth – hardingfele