INTROFOLK er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar i regi av FolkOrg - der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk.
Den store semifinalekonserten blir i år på Riksscenen. Også denne gongen vil INTROFOLK fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken og seks solistar vil prøve lukka denne kvelden. Av desse vil tre bli vald ut til finala som skal haldast laurdag 26. november på Riksscenen under Folkelarm.

Tidlegare vinnarar av Intro Folk er Sigrid Stubsveen (2020), Ole Nilssen (2018), Odde & Holmen (2015), Erlend Viken (2012), Kim André Rysstad (2009), Benedicte Maurseth (2007) og Majorstuen (2005).