Sundag 26. september 1948 møttest om lag 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa eit spelemannslag i Hardanger, og initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus. Johannes Kvestad skreiv dette om skipingsmøtet i sogeskriftet som vart gitt ut til 25 års jubileet til laget: «Møtet vedtok samrøystes å skipa Hardanger Spelemannslag og at laget skulle vera med i Landslaget for Spelemenn (i dag FolkOrg). Møtet valde eit styre for laget, og arbeidet med å laga lover for 

laget vart sett i gang med sikte på at dei skulle vedtakast på det fyrste vanlege årsmøtet». Dette fyrste møtet fann altså stad for 75 år sidan i år, og dette jubileet har me lyst til å feira. det mangfaldet innan folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Hardanger som skal formidlast og Hardanger Spelemannslag gler seg veldig til å sjå dykk der!

 

Åse Teigland - hardingfele
Amalie Kinsarvik Tvilde - toradar
Torkjell Lunde Børsheim - dans
Alexander Aga Røynstrand - hardingfele
Lajla Renate Buer Storli - song
Øystein Velure - hardingfele
Ruth Lillegraven - hardingfele
Hardanger Spelemannslag med juniorar - spel og dans
Eirin Tjoflot - programleiar