Hans Martin Austestad kjem med soloplate og utvida versjon av backingbandet sitt Rentersrente for å lage stor fest på Riksscenen !
Hans Martin Austestad er for mange kjend som banjospelar og songar i bluegrassgruppa Earlybird Stringband. 23. januar 2015 slepp han sin solodebut «Austestad – Med Rentersrente» på plateselskapet VME.no. Musikken er influert av 60- og 70-tallets melodiøse pop/rock giganter, men med bakgrunn som strengespesialist dreg han med seg folk- og folkemusikkinspirasjon til eit eklektisk musikalsk kalas. Tekstene står i sentrum for hans musikalske univers, og dei er på hans eiget morsmål, bastardnynorsk. På Riksscenen får han med seg eit utvida band med blåsarar og strykarar for å presentere musikken, og det er heller ikkje umogleg at kvelden vil by på fleire overraskingar for å gjere lokalene på Schous Kulturbryggeri til ein fest.

Hans Martin Austestad - vokal, gitar
Christian Skaugen - trommer
Audun Ellingsen - bass
Bjarne Gustavsen - tangenter
Mattis Myrland - sang
Olav Christer Rossebø - mandolin, fele
...og mange fleire!