Som folkemusikarar alltid har gjort står også Maurseth open i si samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, tamreinsgjetarar frå Hardangervidda integrert i musikken.
Albumversjonen av verket Hárr vert lansert på Hubro Records januar 2022. 


«Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv».

Omtale av Hárr i samband med uroppføring 2019 i Hardanger: 

 

Bladet Folkemusikk

«En  overveldende vandring. Det er modig å la stillheten i perioder få hovedrollen i et musikalsk bestillingsverk. Benedicte Maurseth har hatt mot til å gjøre det, og slik har hun skapt et mesterverk». 

 

Avisa Hordaland: 5 /5 «Benedicte Maurseth og musikarane hennar tok med publikum til fjells og gjorde djupt inntrykk på publikum på urframføringa av tingingsverket til Hardanger Musikkfest «Hárr» i Eidfjord gamle kyrkje».

 

Benedicte Maurseth – hardingfele

Mats Eilertsen – kontrabass, elektronikk

Håkon Stene – vibrafon, perkusjon og elektronikk 

Christian  Wallumrød – piano