Andreas Bjørkås trio kjem til Riksscenen med rykande fersk plate i bagasjen. Dei tre karane har teke for seg folkemusikk frå Oppdal, noko som kanskje ikkje er så rart i og med at to av medlemmane er oppvaksne der og oppflaska på tradisjonen derifrå. Felespelaren Andreas Bjørkås, som har gjeve navn til gruppa, har Oppdalstradisjonen som sitt spesialfelt og har tunge meritter som felespelar. Han hadde lenge uoffisiell rekord i topp tre plasseringar på Landskappleiken, utan sigerar, før han endeleg vann i 2012, ein bragd han gjentok året etter og vart krona med kongepokal i 2013! Han er også kjend som frontfigur og musikalsk leiar i bandet Nordafjells og Bjørkås Kvintett og gav ut soloplata «Veiskille» i 2011.Dei to andre karane i trioen er også særs røynde musikarar. Erlend Viken frå Oppdal har dei seiste åra reist land og strand rundt med m.a. Erlend Viken Trio, Earlybird Stringband, Frikar, Onkel P og de fjerne slektningene, Erlend Ropstad og i Duo saman med Aslak Brimi. Han er såleis ein av landets mest bruka og allsidige felespelarar. I bandet Earlybird Stringband finn me også trioens seiste medlem, Olav Christer Rossebø, eller Laffen som han vert kalla. Han kjem frå Haugesund og er ein utprega multiinstrumentalist som trakterer stort sett alle slags strengeinstrument til fulle, men det er på mandolin han verkeleg har utmerka seg. Laffen kom inn i folkemusikknoreg i gruppa Geitungen og har seinare gjeve oss flotte konsertar og innspelingar med mellom anna Lyden, Bergen Mandolinband og Tom Roger Aadland for å nevne nokon. Andreas Bjørkås Trio går laus på slåttar frå Oppdal med kunnskap, respekt og suveren kjensle for tradisjonen, og utforskar grensesnittet mellom arrangement, klang og instrumentering for å finne fram til ein eigen sound til gruppa og på kvar enkelt slått. Medlemmane i trioen har god kjemi seg i mellom og er gode vener også utanfor scenen, noko dei vonar avspeglast på konsertane.

Andreas Bjørkås - fele & hardingfele
Erlend Viken - fele & oktavfele
Olav Christer Rossebø - gitar, mandola & mandolin