Historia om Daniel Sandén Warg er forteljinga om ein ung, talentfull gitarist frå Karlstad i Sverige som vart hekta på felespelet til Torleiv H. Bjørgum og Hallvard T. Bjørgum. Han fekk kontakt med Hallvard, reiste til Rysstad – og vart buande. Etter den tid har han lært seg meir enn felespel; han er utdanna sylvsmed slik alle folkemusikarane i Setesdal er og han talar perfekt setesdølsdialekt.

 

Med røtene trygt planta i dei norske arbeider Unni Boksasp som folkesongar, låtskrivar og pedagog. Ho arbeider både i det tradisjonelle uttrykket og med å vidareutvikle og leite fram nye musikalske vegar ilag med kunstnarar frå ulike sjangrar, kulturar og uttrykk. Ho har dreve sitt eige Unni Boksasp Ensemble sidan 2006, som ho mellom anna vann Spellemannsprisen ilag med for plata «Keramello».  

 

Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje, er direkte etterkomar av Myllarguten og vart sjølvsagt spelemann og felemakar. Ottar vann landskappleiken på hardingfele i 2011, 2012, 2015 og 2016 og mottok gullmedalje for felemakarkunsten sin i 2018. I tillegg til virket som felemakar og solospelemann er han også aktiv i den meir rocka folkemusikktrioen «Resjemheia».

 

Jan Beitohaugen Granli frå Øystre Slidre er blant landets fremste formidlarar av hardingfelespel frå Valdres, og er av mange reikna som landets beste dansespelemann! Jan har vunne landskappleiken seks gonger i tidsrommet 2002 til 2017, er fem gonger vinnar av Fanitulltevlinga på Ål og mottakar av Øyvind Bergs Minnepris. Jan har gjeve ut to kritikerroste album, «Lite Nemmar» i 2003 og «På Beitohaugen» i 2010. 


 

Daniel Sandén Warg – hardingfele
Unni Boksasp  – vokal
Jan Beitohaugen Granli – hardingfele
Ottar Kåsa – hardingfele