Munnharpeviritousane Anders Erik Røine, Kenneth Lien og Thov Wetterhus har til saman 13 landskappleiksigrar på instrumentet! Dei har spelt saman som trio eit par gonger før.

Denne kvelden er dei forsterka med perkusjonist og munnharpist Hans Hulbækmo.

Anders E. Røine, frå Rødtvet i Oslo, er truleg mest kjend som gitaristen i duoen Sudan Dudan. Han har i tillegg spelt ymse instrument på utgjevingar med m.a. Odd Nordstoga, Tone Damli og Ingebjørg Bratland, samt medverka på filmmusikken til serien "Lillyhammer" med sjølvaste Little Steven.

Kenneth Lien er for tida musikkstudent ved NMH. Multiinstrumentalisten frå Lillehammer har gjort seg særs bemerka i folkemusikkfloraen med flott felespel på sjølvlaga fele, drivande gitarspel, ein unik langeleik han trakterer med bravur - og sjølvsagt munnharpe der han er regjerande vinnar av landskappleiken.

Thov Wetterhus frå Nore i Numedal er munnharpespesialisten i kvartetten. Han har vunne landskappleiken seks gonger på munnharpe og debuterer seinare i vår som plateartist med eiga soloplate på munnharpe.

Hans Hulbækmo er ein av landets aller mest nytta trommeslagerar innanfor stort sett alle kjende sjangerar. Oppvaksen med på Tolga i Østerdalen, med Hans Fredrik Jacobsen og Tone Hulbækmo som foreldre, gjekk det som det måtte gå - han vart musiker på heiltid. 

Det er altså ein gjeng særs røynde munnharpistar og multiinstrumentalistar som inntek scenen denne laurdagskvelden. 
 

Anders Erik Røine – munnharpe 
Kenneth Lien –  munnharpe
Thov Wetterhus – munnharpe
Hans Hulbækmo – munnharpe