Gjennom fleire år har Aslak arbeidd med å komponere slåttemusikk i gamal stil, der den nye musikken har ulike sinnelag og stemningar, med fela som det naturlege midtpunkt. Med det som utgangspunkt leverer dei fire tettvevd og fargerikt slåttespel tufta på tradisjonsmusikken frå Lom. 

 Kvartetten vart Spellemann-nominert for sitt forrige album “VEV”, og no kjem dei attende med ny og spennande musikk på albumet “ISOMERI” der dei røynde musikarane på nytt gjev oss tettvevde og fargerike slåttar. Det er melodiøst og velspelt, og tydeleg inspirert både av tradisjonelt slåttespel frå Gudbrandsdalen og kammermusikk.  


Aslak Brimi - fele
Bjørn Kåre Odde - fele
Svein Tore Werstad - saksofon
Espen Wensaas - mandola, mandolin, cister, bouzouki, gitar