Konsertforestillinga  ”Tre vakre vener” er ei forestilling med forteljingar om, og songar etter Margreta Opheim, Olav O. Fletre (Voss) og Ragnar Vigdal (Luster i Sogn). Desse tre reknar eg som mine hovudkjelder innan folkesongen og dei har betydd veldig mykje for meg på mange måtar, med sin generøsitet både menneskeleg og musikalsk.

Forestillinga hadde premiere på Riksscenen i Oslo i november 2015 og regissør var Leif Stinnerbom. Den har blitt framført mange stader men vore i dvale eit par år, så det er ei stor glede å få vekkja den til livet på Osafestivalen.

Eg syng folketonar eg har lært hjå mine tre hovudkjelder, og samstundes fortel eg om mine møte med dei. Eg inviterer dei på middag rundt eit pådekka bord til fire.

Margreta, Olav og Ragnar var i musikken sin på eit lidenskapleg vis, dei var på mange måtar songane dei song og dei levde i ei tid som for meg var eit stort privilegium å få eit innblikk i,  og som det er viktig å fortelja om i vår tid.


Berit Opheim – vokal, Regi Leif Stinnerbom – regi