I 2020 er det 25 år sidan Triakel heldt sin fyrste konsert!  Det tok tre år før den sjølvtitulerte debutskiva Triakel kom ut, og sidan har trioen gjeve ut fire skiver samt singelen “Innan Gryningen”, som dei gjorde saman med Benny Andersson frå ABBA i 1999, bør også nevnast i diskografien.

 

Dei tre musikarane er alle godt etablerte i den svenske folkemusikkeliten etter mange år med ulike band og prosjekt. Alt frå Hoven Droven og Garmarna til Bo Lyckligs Orkester syslar dei med på fritida si, men det er gjennom Triakel dei får utspring for både dei humoristiske og mørke, men samstundes sentimentale og lyriske sidene sine.

 

Trioen turnert over store delar av Europa samt Japan, Canada og USA og har spelt store mengder konsertar her i landet. Me som har opplevd Triakel mange gonger før gler oss likevel som aldri før til å høyre hitparada deira frå 1998 live, og til dei som eventuelt ikkje har fått dei med seg på konsert enno: No har de høve til å få eit nytt favorittband!

 

Emma Härdelin – song, fele, Janne Strömstedt – trøorgel, Kjell-Erik Eriksson – fele

 

Program for kvelden:

 

21.00 - konsert med  Triakel

22.30 - folkemusukkaraoke

23.00 - DJ Nefertiti

01.00 - dørene stenger