Camilla Hole trio  spelar ny og gammal folkemusikk, i hovedsak frå Sogn og Fjordane. Camilla Hole, Fredrik Luhr Dietrichson og Knut Kvifte Nesheim har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar heller ikkje tradisjonelle folkemusikkinstrument. Dei tar med seg sine instrument og musikalske preferansar når dei gjer tolkingar av musikken som har blitt vidareført gjennom mange generasjonar. Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, den skal førast vidare av, og til alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane.

Trioen gav ut plata “Halvemål” i 2018 til strålande kritikkar.
«Trioen har fått inn en fulltreffer med debutplata, et kreativt sjangermøte mellom improvisasjonsjazz og folkemusikk»  – Magnus Andersson, Folkemusikk


Camilla Hole – saksofon, Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass, Knut Kvifte Nesheim – trommer, vibrafon