Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg.

 Etter 20 år med sjømannsviser er det på tide å feire eit aldri så lite jubiléum, og det gjer dei seks karane med gjester og, som alltid, plakater med tekst på omkveda. SWSC har gjeve ut seks plater sidan oppstarten samt ei liveskive, og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar. Bandet blir årleg streama bortimot ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor.

 

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar, Ronny Sætre – baryton og perkusjon, Rune Nesse – bass og perkusjon, Vidar Vedå – bass og «karaokemaskin», Roald Kaldestad – lyrisk tenor, mandolin, gitar, Gisle Østrem – lyrisk tenor, concertina, trekkspel