Rannveig Djønne kjem frå Ullensvang herad i Hardanger. Ho vert omtala som ein nyskapande toradarspelar med eit solid fotfeste i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Folkemusikkutdanninga har ho frå Ole Bull Akademiet. Debututgjevinga, ”Spelferd heim – slåttar frå Hardanger og Voss på durspel” (2008) hausta strålande meldingar, og ho har også plateutgjeving saman med sin faste duopartnar Annlaug Børsheim.

Heilt sidan ho byrja å spela som 8-åring så har ho komponert slåttar, og det er det ho har jobba mest med dei siste åra. Mellom anna har ho komponert ei folkemusikkmesse for Hardanger, musikk til ”Soga om Seselja” med tekstar frå Ruth Lillegraven si prisløna bok ”Urd”. Djønne har fått fleire stipend og prisar innan komposisjon, og juryane framhevar Djønne sine lyriske komposisjonar og evna til å få særs mykje ut av toradaren sitt noko begrensa toneunivers. Som ein toradarkollega frå Hallingdal sa: ”Eg trur ikkje eg veit om nokon som kan spele så lyrisk og vart på durspel som deg”.

Denne kvelden tek Rannveig med seg sine favorittslåttar, både tradisjonsmateriale og eigne komposisjonar.

Rannveig Djønne - torader