“Tett på” denne våren blir avslutta med to av dei store tradisjonsberarane og spelemennene frå Setesdal i moderne tid. Korkje Gunnar Stubseid eller Hallvard T. Bjørgum treng nærare introduksjon for det røynde publikummet, musikarar og kulturpersonlegdomar som dei begge er, men noko skal dei uinnvigde få likevel.

Gunnar Stubseid (f. 1948) frå Bygland i Setesdal har spelt inn og medverka på ei mengd plater og har vorte nominert til Spellemannprisen tre gonger, der plata “Slinkombas” vann prisen i 1979. I tillegg har han skrive fleire bøker om folkemusikk og folkemusikarar og var inntil nyleg rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Hallvard T. Bjørgum (f. 1956) frå Rysstad i Valle kommune kjem sikkert nokon til å skrive bok om, for ein slik karriere for ein hardingfelespelemann er ikkje daglegdags vare her til lands. Han har fått dei fleste prisar og utmerkingar ein spelemann kan få, mellom anna er han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, har vunne Landskappleiken tre gonger, har tre spelemannprisar, med mange fleire nominasjonar, og har i tillegg gjeve ut mengder av plater med andre utøvarar.

 

Gunnar Stubseid – hardingfele
Hallvard T. Bjørgum – hardingfele