HILDO er ein ny produksjon i samarbeid med Riksscenen og Vossa Jazz med première på Vossa Jazz 2018. Det er to kjende namn frå jazzen og folkemusikken, Tore Brunborg og Berit Opheim, som ber ideen, og saman med medmusikantane har dei laga nye arrangement på gamle folketonar.  

HILDO er namnet på den gamle kyrkjeklokka i den vakre Vangskyrkja som ligg midt i hjarta av Voss sentrum. Det er knytt både segner og ein eigen folketone til denne kyrkjeklokka.
Under urframføringa på Vossa Jazz vil ein ta utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, servert med nylaga arrangement og nykomponerte tema.
Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, pakka inn av fantastiske musikarar:

 

Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim –  vokal
Kåre Opheim – trommer og perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument