Guro Heddelid - ei femme fatale frå den gong då...
Ho var rik, vakker og mektig, med ei sjeldan tiltrekkingskraft. Med forførande flørt møtte ho friarane, som kjempa seg blodige og vitlause for å vinna hjarta hennar. Guro sjølv ville helst ha alt - den sterke, rike, mannhaftige, og den ømme, leikne, kjærlege.
Forestillinga er bygd på eit dramatisk segn frå mellomalderen. Segnet fortel om livet til Guro frå Heddelidgarden i Seljord, og har levd på folkemunne sidan den gong då.
Musikalsk materiale er henta frå Vest Telemark, og tekstmateriale er fritt utvikla frå ein diktsyklus som blei skriven av Jørund Telnes i 1880.
Kvedar Ingebjørg Lognvik Reinholdt kjem sjølv ifrå Seljord. Ho har soga om Guro Heddelid med seg frå ho starta med kveding i 5-6 års alderen. No har ho realisert ein draum om å laga ei framsyning av denne rørande historia, med songar som ho har høyrt frå barnsbein av.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt - song,
Sarah Jane Summers - fele/bratsj,
Juhani Silvola - gitarar, Morten Kvam - kontrabass,
Ida Anderssin - lys og grafisk design,
Karina Opdal - kunstnarleg ansvarleg

Produksjonen er støtta av Norsk Kulturråd og Oslo Kommune.