24 individ, fire land og eit fellesskap. Nordic Dance 2012 er eit talentprosjekt i regi av Noregs Ungdomslag. I samarbeid med systerorganisasjonar i norden er seks av dei fremste folkemusikk- og folkedanstalenta i alderen 18-25 år plukka ut i Norge, Sverige, Danmark og Finland. Under leiing av Paula Kettu (F) og Vegar Vårdal (N) har dei saman utvikla ei forestilling basert på individa og tradisjonane, lokalt, nasjonalt og nordisk. Resultatet har vorte ei moderne og uredd forestilling godt forankra i individena sine tradisjonelle uttrykk. Forestillinga har premiere på Nordlek i Steinkjer juli 2012, no er dei ute på nordisk turné.
Prosjektet er støtta av Nordisk kulturfond, Norsk teaterråd, Norsk kulturråd.
Prosjektet er støtta av Nordisk kulturfond, Norsk teaterråd, Norsk kulturråd.