Spaden må gå jamnt - Rui-jentene som møtte kongen.

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange.Teater Fabel produserte i 2018 ei teaterforestilling basert på denne historia og har sidan turnert i Telemark, Vestfold, Buskerud og Agder-fylka i eigen regi og for Teater Ibsen - og er til nå sett av 10.000 publikummarar. Ynskjet om å nå endå lenger ut med denne historia og også utvide og høgne det sceniske uttrykket har me hatt lenge, og nå har Riksscenen utfordra oss til nettopp dette ved å involvere musikar og koreograf - Erik Sollid og Indra Lorentzen.

Systrene Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad? I førestillinga får ein møte Ingerine og Gurine, og ta del i deires liv. Ein møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke. Så velkomne til nypremiere i hovudstaden der Rui-jentene i si tid fekk koma etter invitasjon frå Kong Olav. 

Manus i samarbeid etter ein idé av Teater Fabel ved Inger Merethe Johnsen i samarbeid med Sylvia Salvesen og Hæge Manheim.

 

Regissør - Sylvia Salvesen, Koreograf nyproduksjon - Indra Lorentzen, Skuespiller (rolle Ingerine) - Hæge Manheim, Skuespiller (Gurine) og Scenografi - Inger Merethe Johnsen, Musiker - Erik Sollid, Kostyme - Gro Hauger.