Denne helga kjem dei fleste som dansar eller har dansa halling til hovudstaden. Midt i seminarar og bokskriving skal vi lure dei sprekaste ut på golvet til kappestrid.

Godkartevling er ein konkurranse i godkarstykkje, dvs den akrobatiske delen av hallingdansen. Her kan ein bivåne fleire ymse øvelsar innan spenst, kraft og estetikk som dagens programleiar og eineveldige dommar, Martin Myhr, har sett saman og det blir delt ut flotta premiar. 

Martin Myhr er «the grand old man» innan halling/lausdans her til lands, med ein ukjend mengde kappleikssigrar og utmerkingar, noko som bør gjera han skikka til oppgåva.

 

Grunna véret blir godkartevlinga denne gongen innandørs.

Etter godkartevlinga blir det sosialt samvær og bygdedansfest i kjellaren utover kvelden. Dei som spelar til dans på kvelden er Johanne Flottorp, Åsmund Fauske Jøtun og Sindre Tronrud.