04

Røynde finske nykommarar og unge danske vetaranar til Bakkjens Basar!

Esko Järvelä Epic Male Band kallar seg ein thrash folk combo. Dei har base i Helsinki Finland og er inspirert av grupper som Väsen, Frigg, Man's Ruin, Casey Driessen og Ville Kangas ja Puuma. Gruppas frontmann, felespelaren Esko Järvelä, bør vera kjend for dei fleste som fylgjer med på folkemusikk i Norden som medlem av gruppene Frigg, Baltic Crossing and Tsuumi Sound System m.fl. Ny finsk supergruppe på basar i april!

  • Esko Järvelä - fele
  • Ansi Salminen - gitar
  • Jani Kivelä - gitar Juho
  • Kivivuori - bass
  • Janne Mathlin - trommer
04

Afenginn (DK) Afenginn har sidan starten i 2002 gjeve ut fem fullengdere og har bygd seg opp eit rykte som eit forrykande liveband over store delar av verda. Dei har spelt på Roskildefestivalen, Urkult i Sverige, Vossajazz, By:Larm og mengder jobbar på andre festivalar og turnear i inn- og utland. Dei har motteke fleire spelemannsprisar innan world- og folkemusikk i Danmark for platene sine, og er no plateaktuelle med skiva «Lux» med slepp i januar 2013.

"They're shockingly good, with imaginations and technique that won't quit. If there's justice, they'll be huge." fRoots 6/6

  • Rasmus Krøyer - klarinett
  • Niels Skovmand - fiolin
  • Kim Rafael Nyberg - mandolin
  • Erik Olevik - bass
  • Rune Kofoed - trommer