Valkyrien Allstars har etter knallhardt arbeid og hundrevis av spelejobbar vokse til å bli det største folkemusikkbandet her i landet! Dei slo i gjennom med eit brak i 2007 med sin sjølvtitulerte debutskive som vart nominert til Spelemannsprisen og solgte til platina. Etter det har det blitt tre solide studioalbum frå gruppa som undervegs har gått frå trio via kvintett til kvartett. Den seiste skiva, Farvel slekt og venner, fekk strålande mottaking frå presse og publikum og både VG og Dagbladet rangerte den nyleg som ein av dei beste norske utgjevingane i 2014.

"Farvel slekt og venner» er et hjertesykt og hardt gripende album, stappet med svart anger" - Morten Ståle Nilsen / VG

Valkyrien Allstars er fyrst og fremst vokalist og felespelar Tuva Livsdatter Syvertsen, kjend frå Stjernekamp og Korslaget, og multiinstrumentalisten Erik Sollid. Saman lagar dei musikk med solid forankring i folkemusikken samstundes som den er eksperimentell og nyskapande, heilt fri for dei klamme krampetrekningane mykje musikk innan dette feltet ber preg av. Desse to, folkemusikkens svar på Lennon / McCartney, har toppa formen skikkeleg med «Farvel til slekt og venner». Det har blitt ei nydeleg plate som er på den eine sida indie så det held utan nokon form for publikumsfrieri, men likevel med fengande komposisjonar og særs spennande og vitale arrangement på eldre tradisjonsstoff. Magnus Larsen jr. på bass og Martin Langlie på trommer har synt seg å vera fabelaktige medmusikantar for gruppa og utgjer eit støtt og originalt lokomotiv med godt tak om asymetriske takter samstundes som dei er viktige bidragsytarar til dei elegante arrangementa gruppa produserer.Til Riksscenen i mai kjem kvartetten med ein heil gjeng kjende og ukjende gjesteartistar frå nord og sør som på sine vis skal bidra til at kvelden vert ein heilt spesiell oppleving. Det er musikarar og venner dei har spelt med, musikarar som er med fordi dei liknar på medlemmar av bandet og ikkje minst; alle er musikarar Valkyrien Allstars ynskjer å spela saman med. Alt dette skjer på sjølvaste frigjeringsdagen - slepp musikken fri!  

Tuva Livsdatter Syvertsen - hardingfele, vokal
Erik Sollid - hardingfele, fele, bratsj, gitar, vokal
Magnus Larsen jr. - kontrabass, kor
Martin Langlie - trommer, perkusjon, kor