Det er ungdommens dag på Riksscenen og som i fjor inviteres unge folkemusikarar og dansarar frå heile landet til framsyning og fest. På Hovedscena blir det galla med pardans og lausdans, godkarstykkje og ringdans, munnharpe, feler, toradar, song og langeleik. Så blir det dansefest som er open for alle med ungdommen som dansespelemenn. Hjarteleg velkomne!

 

Folkemusikkstudentar frå Ole Bull Akademiet
Folkemusikkstudentar frå Rauland (Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland)
Folkemusikkstudentar frå Norges Musikkhøgskole
Folkemusikkstudentar frå Vinstra Vidaregåande
Ungdomsprosjektet “Driv” frå Strunkeveko
Småjondølene
Bølingen og Bølingen Allstars
Follofeler
UFO – Unge folkemusikarar i Oslo
BULder og Brak
TrøBUL