Bli med på ei eineståande musikalsk og danseglad reise når forestillinga Cirkumfrekvensen inntar Riksscena. Alf Hulbækmo og Ådne Kolbjørnshus har saman med dyktige musikar og neste generesjon dansarar skapt ein hyllest til regionen, tradisjonen og gleda med å røre seg til musikk.

Cirkumfrekvensen vart laga som eit bestillingsverk til Røros Folk Festival i 2025. Namnet spelar på Cirkumferensen – den historiske sirkelen med ein radius på 45 kilometer som i si tid vart teikna rundt Røros Kobberverk. Dette området definerte privilegieområdet til verket, og markerer i dag grensene for verdsarven. Gjennom musikken og dansen utforskar forestillinga kva det vil seie å høyre til innanfor denne sirkelen, og korleis tradisjonane herfrå har sett spor langt utanfor grensene.

FolkRekrutt Røros er eit prosjekt med målsetning å rekruttere fleire til folkedans og folkemusikk, og gje nye og spanande utfordringar og aktivitetstilbod til dei som allereie er med. I Cirkumfrekvensen fekk tolv unge dansetalent vere med på å skape ei danseførestilling saman med koreograf Ådne Kolbjørnshus.

 

Musikk: Alf Hulbækmo

Koreografi: Ådne Kolbjørnshus

Ingvild Blæsterdalen - fele 
Synnøve Brøndbo Plassen - vokal
Bendik Smedåsgjelten Qvam - gitar, bukkhorn, fløyte, vokal
Hans Martin Storrøsten - gitar
Ellen Brekken - bass
Alf Hulbækmo - piano, vokal 

 Dansarar: Jesper Nordvik, Johanne Ryen, Jon Flatråker, Sigrun Tørresdal, Eira Hvoslef Urstad, Jåvva Meehte Gaebpie Danielsen, Simonette Henriksen, Svanhild Eimhjellen Ryen, Elias Hvoslef Urstad, Lars Westberg og Astrid Flatråker

FolkRekrutt Røros og Cirkumfrekvensen er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Dextra Musica.