Kva gjer det med sjølvbiletet til to døgenikter når verda går åt skogen på deira vakt? Ti år etter framsyninga Døgeniktenes Debatt (2016) kjem folkedansarane Ådne og Vetle med oppfølgjaren Døgeniktenes Decennium. Det siste tiåret har herja med verda, og det tyngande ansvaret med å leike Atlas kan knekke kven som helst. 

Med kynisk kruk, sakral sjølvransaking og alminneleg akrobatikk prøver duoen å skrive sitt neste kapittel, men går seg raskt vill i eigne meiningar. 

Sola skal svive begge vegar og meteorar skal kollidere i springar-takt når døgeniktene tek eit oppgjer med si eiga fortid. Men spørsmålet står att: Treng dei kvarandre for å lukkast, eller er det best å sleppe taket?

 

Ådne Geicke Kolbjørnshus - tekst, utøver, koreografi
Vetle Springgard - tekst,utøver, koreografi
Mattias Thedens - komponist, musiker
Gjestemusiker - TBA
Signe Fuglesteg Luksengard - scenografi, foto
Nikolaj Nielsen - produsent
Eldgrim H. Springgard - manuskonsulent 
Monica Valsø - scenografikonsulent 

Produsert i samarbeid med  
Sprang
Riksscenen

Med stønad frå
Kulturrådet
Fond For Utøvende Kunstnere
Valdres Natur- og Kulturpark: Folkemusikk i notid og framtid