Program:
12:00 Calabash Tales
I delar av Afrika veks ein spesiell frukt som blir kalla kalebass. Når han blir tørka, kan han blant anna brukast til å lage strengeinstrumentet ngoni. Dette blir ofte brukt av ein griot – ein historieforteljar som fører songar og historier vidare gjennom generasjonar.
Solo er sjølv griot frå Burkina Faso, og saman med Sarjo og Bafana inviterer han deg inn i Calabash Tales. Her får du høyre historia om ein konge som blir sjalu på grioten, korleis landsbyen hans plutseleg står i fare for å miste historiene sine, og korleis ein kalebass på magisk vis endrar alt.
Solo Diarra - djembe, kora, n´goni, balafon, gitar og song
Bafana Nhlapo - perkusjon og song
Sarjo Sankareh - dans
13:00 Heime der du bur
Alle treng ein plass å kalle heim. Ein bygning eller stad å reise heim til kvar dag; trygg, utrygg, liten, stor -den ser ulik ut rundt om i verda. Nokon må reise eller flykte frå heimen sin. Somme lengtar heim. Andre er usikre på kor heimen er, kanskje har dei fleire, eller ingen.
Ylva er ei jente som oppdagar at heime kanskje ikkje er det ho har trudd heile sitt korte liv, for er heimen hennes kanskje ikkje eit hus likevel? Ho legg ut på ei reise for å finne ut av dette og møter fleire dyr og menneske som alle har ulike svar. Med musikk henta frå hallingdalstradisjonen, nyskreve manus av Sigmund Løvåsen og folkedanssteg som gir liv til ulike dyr og menneske, blir borna tatt med på Ylva si reise på søken etter kva heime eigentleg er.
Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen har begge arbeidd med teater, folkedans og -song i over femten år i ulike konstellasjonar og samarbeid og har lang erfaring med å kombinere forteljarkunsten med den tradisjonelle musikken og dansen. Dei har på kvar sin kant laga seg innhaldsrike karrierer som formidlarar av folkemusikk, folkedans og teater i ulike sjangrar.
14:00 Klubb Dagdrønn – folkemusikkfest for heile familien!
Dina, Jo Einar og Tone – som til vanleg lagar fest for vaksne gjennom klubbkonseptet Folkemølje – inviterer no barn og familiar til ei heilt eiga, sprudlande opppleving! Klubb Dagdrønn er ein magisk møteplass der musikk, dans, leik og gamle tradisjonar smeltar saman. Her er alle velkomne – småtassar, danseløver, nysgjerrige sjeler og vaksne som vil vere med på moroa!
Førebu dykk på tullete dans, overraskande songar og masse fnis og energi! Musikarane Dina og Jo Einar dreg i gang stemninga med fele og DJ-utstyr, og lagar ei heilt unik blanding av musikk – frå tradisjonelle folketonar til sprelske, moderne variantar. Kanskje får du høyre joik med elektroniske beats eller folkemusikk som høyrist nesten ut som rock og metal!
Dette blir ein fest der alle kan vere med – uansett alder og erfaring.
14:00 Bølingen, lansering av album
Velkomen til plateslepp med Bølingen Allstars!
Felespelar Marianne Tomasgård frå Nannestad har grave fram folkemusikkskattar frå Akershus, Oslo og Østfold i ei årrekkje. Gjennom ungdomsprosjektet Bølingen (Akershus musikkråd) har ho sidan 2018 fått moglegheit til å lære bort ein heil haug med gamle dansemelodiar frå bygdene rundt om på Romerike og i Follo til eit tjuetals ungdommar. Tidlegare i år gjekk denne ungdommelege gjengen i studio og spelte inn rundt 20 feleslåttar gjennom plateselskapet Melovitten. Dette er altså Bølingen sin første platelanseringskonsert, og du får her moglegheit til å bli kjend med eit kanskje ukjent, men overraskande variert repertoar – frå sarte, vakre bruremarsjar til spretne springdansar og ein improhalling du nok ikkje har høyrt maken til! Med seg på plata har dei med seg trekkspelar/akkordeonist Kristina Farstad Bjørdal, som fargelegg både plata og konserten med kreativ virtuositet.
Velkomen til ein spennande konsert med ungdommeleg driv og energi, der du blir servert arrangert folkemusikk av Marianne, Kristina og Bølingen Allstars: eit knippe særdeles dyktige ungdommar som trakterer både fele, bratsj, cello og kontrabass.
14:30 Inga Mandinga, Hovudscena
Inga Mandinga er ein musikalsk hyllest til den afroperuanske kulturarven.
Kva skjer når Inga, ei norsk jente og dotter av ein afroperuanar, for første gong besøker heimlandet til foreldra sine? Kva skjer når hudfargen og kjønnet hennar snakkar for henne før ho har sagt eit ord? Inga «Mandinga», som ho får som kallenamn, treng ly for den overveldande opplevinga av plutseleg å ha blitt til noko anna som ho ikkje sjølv har valt å vere. Ho finn ly i katarsiske historier som afroperuanarane har valt å fortelje til etterkommarane sine gjennom musikken heilt sidan 1600-talet.
Med utgangspunkt i det kjende diktet til Victoria Santa Cruz “Me gritaron Negra”, fremjar framsyninga ei kritisk haldning mot diskriminerande forhold som framleis gjer seg gjeldande blant dagens peruanarar, men som har ein betydeleg resonans i dagens globaliserte samfunn.
I denne framsyninga deler Adrian Lara lidenskapen sin for å gjenskape den nesten forsvunne tradisjonen for harpespel i afroperuansk musikk, gjennom eit utval av dei mest ikoniske afroperuanske songane og dansane som har overlevd til våre dagar, men som har røter heilt tilbake til barokkmusikken frå den spanske kolonitida.
Viktoria Joner - song
Pedro Oliveira - dans & song
Stian García-Godos - cello og gitar
Adrian Lara - harpe, song og leiing
Sarah Camille - forteljing
15:30 Shuffle Serenade, Klubbscena
Når du vakner og den fyrste tanken er ein melodi. Når den elektriske tannbørsten er stemt i E og hårfønaren går i hallingtakt. Når trappa blir eit dansestudio og bussturen ein undertrykt musikal. Når konsentrasjonen går i utakt og kjærleiken i moll. Da kan det være godt å vite, at vi er fleire som har det slik.
Shuffle Serenade er ei forestilling av og med Signe Dortea Gjessing og Nina Fjeldet. Framsyninga er laga for unge vaksne 13-18 år, men passer også for dei som har levd noko lenger.
FolkelarmUng arrangerast i samabeid med LilleRIKSEN og Samspill International Music Network. Arrangementet er støtta av Oslo Kommune, bydel Grünerløkka og Sparebankstiftelsen DNB.







