Etter forestillinga «Felemakaren» vert det dansefest kjellaren, med gamaldans på Klubbscena og bygdedans i Intimscena. Gamaldansen er det Toraderlaget til Kongsberg Trekkspillklubb og husbandet Buss For Tog som tek seg av, medan Ottar Kåsa, Alexander Røynstrand og Einar Olav Larsen held bygdedansen rullande.
Toraderlaget i Kongsberg Trekkspillklubb er ein aktiv og engasjert gjeng som brenn for å ta vare på og formidle den rike folkemusikk- og gamaldanstradisjonen i Kongsberg og Sandsvær. Gjennom samspel, speleglede og respekt for tradisjonane gjev dei nytt liv til gamle melodiar og lokale musikkskattar. Toraderlaget har markert seg med fleire topplasseringar på Landsfestivalen i gammeldansmusikk, plateutgjevingar, dansespel og konsertar. Dei fokuserer på god dansetakt, smittande speleglede og eit levende møte med ein lokal folkemusikktradisjon som fortjener langt større merksemd.
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje, er direkte etterkomar av Myllarguten og vart sjølvsagt spelemann og felemakar. Han har vunne landskappleiken på hardingfele i fire gonger, og mottok gullmedalje for felemakarkunsten sin i 2018. Det sjølvtitulerte debutalbumet hans frå 2012 mottok både folkelarmprisen og spellemannprisen det året, og album nummer to «Kjoskrullen» vann folkelarmprisen i 2016. I tillegg til virket som felemakar og solospelemann er han også aktiv i den meir rocka folkemusikktrioen «Resjemheia».
Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger trygt smykke seg med titlane meisterspelemann og langtransportsjåfør. Med to sigrar frå landskappleik på hardingfele, inklusive ein kongepokal som er trygt plassert i traileren, køyrer han vidare med siger etter siger på stemne og kappleikar med sitt drivande hardangerspel. I tillegg til kappleikssigrar og kongepokal har Alexander gjeve ut soloplata Heimom, og medverkar på plata «Granvin» saman med Knut Hamre og Åse Teigland og mottakar av Øivind Berghs minnepris.
Felefantomet Einar Olav Larsen frå Verdal vaks opp i ein heim fylt opp med folkemusikkk saman med broren Gjermund, og dei to vart i tidleg alder feleduoen alle snakka om! Han er utdanna ved Ole Bull-akademiet, og har gjort seg bemerka som felespelar, komponist og pedagog. Einar Olav seier sjølv han er inspirert og påverka av spelemenn som Hilmar Alexandersen og Sven Nyhus m.fl, og har gjeve ut eller medverka på ei rekkje plateinnspelingar.
Buss For Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er kuratorane for dansefestane som gøymer seg under signalfeilen, og i beste VY-stil, skal dei halde seg i gamaldanssporet utan for mange avsporingar og forseinkingar.
Inge Gjevre - torader
Andreas Ljones - fele
Asgaut Bakken - gitar

