Skal du fare, må du ha noko å fare med! seier Dølen. Men treng ein det? Ein kan vel bare fare av stad? Og sjå kva som kjem? «Ferdaminne» blir aldri meir det same!

Vi fylgjer både Dølen Vinje og ein litt forsoffen døl av i dag på ei reise på kryss og tvers av både tid og geografi. Det er i år 200 år sidan Vinje blei født, men tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag- eller bør vere det! På ca 55 minutt kjem vi innom både barndom, vaksenliv, poesi, sparkande satire og mykje humor.

Leif Arild Sanden, skodespelar, lærar, skrivar, humorist og innimellom dørgande alvorleg vest-telemarking frå Kviteseid , busett i Treungen og sviv eindel helgelangs på Grunerløkka. Har bakom seg mange hundre svært ulike solooppdrag på kurs, konferansar, bursdagar og slikt- men også tittelrolla som "Den gjerrige" av Moliere i Grenland Friteaters tapping, som beverbestemor på PS 14 (Teater Ibsen og Grenland Friteater) og som Talleiv Huvestad i soloforestilling om Eidsvollsmannen frå Vest Telemark. På Riksscenen har han dei tre siste åra vore Kattekonge, Nisse og Hunden Boromir i familieforestillinga "Pøbel i Pels".

Er Dølen flogvit eller flåkjeft? Poet eller potet? Eller rett og slett potetspritbrennar?  "Tvisyn - ei forteljing om ein døl ved ein annan" er ei framsyning med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og litt løgn, alvor og skjemt. Årets Spelemannprisvinner Anne Hytta har skrive musikken i forestillinga, og har med seg Jo Fougner Skaansar på kontrabass og Ulrik Ibsen Thorsrud på diverse slagverk, klokkespel og sag. Saman spelar dei tvisynt, trassig og hugmjuk musikk inspirert av Vinjes tekster og tilpassa teateroppsetjinga.


Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden – manus
Tor Arne Ursin  (Grenland Friteater) – regi
Anne Hytta – musikk
Jo Fougner – kontrabass Ulrik Ibsen Thorsrud – perkusjon
Unni Bang Andersen (Teater Ibsen) – kostyme
Heidi Elisabeth Rød – parykkmakar

Forestillinga er ein samproduksjon mellom Sanden kulturupplivingar, Grenland Friteater, Teater Ibsen og Riksscenen