Nesten på dagen fire år etter at dette samarbeidsprosjektet så dagens ljos her på Riksscenen, kjem Torgeir Waldemar og Abildsø Spelemannslag attende til røtene her på Riksscenen.

Country-, americana- og folkrockaren Torgeir Waldemar tok det norske folk og ei samla musikkpresse med storm med den sjølvtitulerte debutplata si i 2014, ein debut prega av eit akustisk og lågmælt uttrykk som hausta heile to nominasjonar til Spellemannprisen! På oppfylgjaren “No Offending Borders” inviterte Torgeir oss med til eit meir elektrisk og rocka musikalsk landskap, eit landskap som vart vidareført av Torgeir og produsent Anders Møller på førebels siste album i rekkja “Love”, ei utgjeving som hausta ståande ovasjonar frå presse og publikum.

«Denne er det ikke mange som vil matche i år 6/6» - Øyvind Rønning / Dagbladet

Torgeir kjem altså til Riksscenen med Abildsø Spelemannslag. Bak dette navnet gøymer det seg ein gjeng særs røynde musikarar, som under leiing av musikar og produsent Jørund Fluge Samuelsen og professor John Vinge, tilfører musikken til Torgeir eit nytt uttrykk og dimensjon. Abildsø Spelemannslag er nok mest kjend som backingbandet til Aasmund Nordstoga og Trond Granlund, men kvar for seg har dei respektive musikarane enorme mengder band og prosjekt bak seg, både innan folkemusikk og i andre sjangrar. 

Velkomen til ei mørk bakgate der musikken til Torgeir Waldemar og all verdas folkemusikk frå båe sider av Atlanteren, smeltar naturleg saman til ein vidunderleg palett av rock, gospel, americana, blues, country og gamaldans!

 

Torgeir Waldemar - vokal, gitar, banjo
Jørund Fluge Samuelsen - fløyter, vokal
John Vinge - tangentar, trekkspel, vokal
Tuva Syvertsen - feler, vokal
Åsmund Reistad - div strenger, vokal
Henrik Sandstad Dalen - kontrabass, vokal
Kåre Opheim - trommer, vokal
TBA - melodisk slagverk